• Kraftkrise i fylket - hindrar utviklinga i næringslivet
    2024/05/06

    NHO-direktør i Møre og Romsdal, Lene Trude Solheim, meiner kraftsituasjonen i fylket er med på å bremse utviklinga for næringslivet.

    – Vi står i fare for å miste nyetableringar og utviding av eksisterande verksemder. Det er selskap i dag som ikkje får begynne på utbyggingar fordi det ikkje er nok tilgang på kraft, seier Solheim i podkasten Frampå.


    Administrerande direktør Erik Espeseth i Tafjord Kraft-konsernet, tar til ordet for vindkraft på land som løysing på problemet.

    – Det er det einaste som kan gi eit vesentleg bidrag for å løyse kraftfloken på ein kosteffektiv måte. Vindkraft er den rimelegaste krafta du kan bygge i dag med litt skala. Og ser vi på fylket, er det rikeleg med plassar der det går an å bygge vindkraft på land, seier Espeseth i podkasten.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    30 分
  • Kraftkrise i fylket – vi må ha meir straum
    2024/02/22

    Det er underskot på kraft i Møre og Romsdal, og vi produserer berre halvparten av det vi bruker. I den nye podkast-episoden får vi hjelp av to ekspertar på energi til å forklare krisa.

    – Den store utfordringa framover blir korleis vi skal få tak i meir kraft, seier Bengt Endreseth leiar av seksjon for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Saman med sivilingeniør Tore Tomasgard, som har vore med å kartlegge kraftsituasjonen i ein rapport for fylkeskommunen, slår han fast at kraftprisane vil stige i åra framover – og vil variere.

    Dei er begge gjester i studio når vi spør om korleis vi skal løyse kraftkrisa. For det hastar – og det hastar veldig!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    30 分
  • Den nye fylkesordføraren: – Det vart eit maraton hekkeløp
    2023/10/27

    Møt Anders Riise - den nye fylkesordføraren i Møre og Romsdal.

    I podkasten fortel han om kva han vil utrette i rolla, om kva moglegheiter han ser for Møre og Romsdal og kvar fylket er om fire år.

    Vi år også høyre om kva forventningar ei rekke politikarkollegaar har til den nye fylkesordføraren.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    35 分
  • Kampen om veljarane
    2023/09/01

    Kva meiner ungdomspolitikarane om fråversgrensa og om kollektivtransport?

    Her kan du høyre den siste av to skolevaldebattar på Romsdal vgs torsdag 31. august – halvanna veke før kommune- og fylkestingsvalet.

    Ungdomspolitikarane som deltok, var

    • AUF: Petra Brinch
    • FpU: Lars Andreas Scheide Vartdal
    • Grøn ungdom: Steinar Ørstenvik
    • KrFU: Dorte Klokk
    • Raud Ungdom: Ahmed Al-Saedi
    • Senterungdomen: Dordi Boksasp Lerum
    • Sosialistisk Ungdom: Emma Pedersen
    • Unge Høgre: Nikolai Østeby
    • Unge Venstre: Enok Grova

    Debattleiar var Per-Kristian Bratteng.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    1 時間 10 分
  • Den store samfunnsutfordringa - episode 3: Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken
    2023/06/15

    Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken meiner vi må gjere nokre veivalg:

    - Dersom vi skal gjere nye ting, dimensjonere nye tilbod, starte nye utdanningar, så er det noko vi må slutte å gjere, fordi vi blir færre. Det er det store utfordringsbildet; at vi skal tørre å slutte med noko for å satse på det nye, sier Brekken.

    I den tredje episoden i serien 'Den store samfunnsutfordringa' vurderer kompetanse- og næringssjefen utfordringsbildet i åra framover.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    22 分
  • Den store samfunnsutfordring - episode 2: Fylkesplansjef Ingunn Bækken Sjåholm
    2023/06/15

    Fylkesplansjef Ingunn Bækken Sjåholm forstår at folk vil halde fast i håpet om vekst.

    - Men, seier ho: - Vi må legge realistiske tal til grunn når vi skal planlegge både samfunnsutvikling og tenestetilbodet.

    I den andre episoden i serien 'Den store samfunnsutfordringa' fortel fylkesplansjefen om utfordringane i åra framover, slik ho ser det.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    21 分
  • Den store samfunnsutfordringa - episode 1: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak
    2023/06/15

    Dei neste åra må vi løyse ei stor utfordring, ved sidan av klima og miljø: Det blir færre menneske i yrkesaktiv alder, og vi vil i Møre og Romsdal oppleve store rekrutteringsutfordringar. 

    Først ut i serien er fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak. Ho har ei tydeleg problemstilling: 

    - Korleis kan vi få løyst oppgåvene vi har i dag med færre folk?


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    23 分
  • Russ 2023 - trygt og inkluderande?
    2023/04/20

    Ifølge SLT-koordinator Minda Myklebust i Ålesund kommune var ein russerebus i fjor «noko av det verste du kan tenke deg, gangar ti». Men ho trur at vi allereie i år får sjå resultat av pilotprosjektet som kom i gang for å gjere russefeiringa tryggare og meir inkluderande.

    Ho får støtte av både russeleiarar i dei tre byane og kompetansesjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Deltakarar i podkasten:

    • Minda Myklebust, SLT-koordinator i Ålesund kommune
    • Kariann D. Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune
    • Ingrid Marie Gussiås, leiar av russestyret ved Atlanten vgs
    • Noa Størksen Strandhagen, leiar av russestyret ved Molde vgs.
    • Eva Andersen Berg, russepresident ved Ålesund vgs. avdeling latinskolen



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    41 分